Travle dagar

Etter at eg kom tilbake til Bergen har dagane gått superfort. Eg føler at semesteret nettopp har byrja, men det er jo vinterferie allereie. Dei siste vekene har eg sjonglert mellom å vere student og bokhandler, og eg trivast kjempegodt med begge deler. Det er lite tid til overs då, og eg merkar at blogglysta ikkje er heilt på topp. Eg er ikkje heilt nøgd med korleis bloggen ser ut, så eg må nok endre litt på han snart. Men eg har mykje stoff på lager!

Akkurat no les eg Amtmannens døtre av Camilla Collett. Skal inrømme at eg hadde gitt opp for lenge sidan om ho ikkje hadde vore pensum, for dette er ei seig bok. Eg får heldigvis lurt inn litt lesing utanom pensum òg, og eg har mange bøker som ligg på vent i hylla. Eg skal komme med omtalar her på bloggen etter kvart! Må berre puste ut først.




Stikkord:

2 kommentarer

Radiobiler

21.02.2013 kl.16:09

Har også Amtmannens døtre på pensum dette semestret. så må vel komme meg gjennom den jeg også .)

epilog

22.02.2013 kl.21:45

Radiobiler: Lykke til! Anbefala å starte i god tid :)

Skriv en ny kommentar

epilog

epilog

22, Gloppen

Hei! Eg heiter Marte og eg studerar litteratur i Bergen. Her bloggar eg om bøker og sånt. Du får tak i meg på epilog@hotmail.no .

Kategoriar

Arkiv

hits