29.05.2013
I morgon har eg min siste eksamen. Eg kjenner at eg allereie er på veg ut av bobla eg har budd i dei siste vekene. Hovudet mitt er fullt av ei rotete blanding av litterære periodar og nordiske forfattarar. Eg prøver å legge vekk grammatikken, pragmatikken og språkhistoria som eg allereie har hatt eksamen om, men hjernen min vil liksom ikkje henge med. Kvelden før eksamen er alltid sånn. I morgon er eg ferdig med bachelorgrada mi (så lenge eg står på begge eksamenane, men eg nektar å tenke tenk om eg får stryk!), og det er sjukt rart. Ferdig utdanna. Men så er eg jo ikkje det, eg skal jo halde fram med å studere. Til hausten skal eg ta årsstudium - fjernstudiet i bibliotek- og informasjonsvitskap, og kanskje eit ekstra fag ved UiB i tillegg. Eg skal bli i Bergen, og eg trur det blir veldig fint. Etterpå er planen å ta den store, skumle masteren i Oslo. Men, først er det altså eksamen om den eldre litteraturen i Norden. Dét bør eg klare.

Ps! Eg jobbar sakte men sikkert med ny bloggplatform! Derfor er det så stille her. Satsar på å komme sterkt tilbake i sommar :)

(Den norske tittelen er Faen ta skjebnen.)







Kartet fremst i boka gjorde det lettare å følge med på ferda gjennom metroen.






(








